Tilbake
Marius Knutsen
Skriv ut

Digitalt tilbod med Roald Kaldestad

Roald Kaldestad er musikar og barnebokforfattar busett på Stord. Han har blant anna spela mykje saman Sigrid Moldestad, Odd Nordstoga og Storm Weather Shanty Choir. Som forfattar debuterte han med boka Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Phillip i 2000, og seinare har han skrive tre bøker til om dei tre (u)venene. Han skulle ha vore på DKS-turné i Vestland denne våren, saman med Roy Ole Førland og Stig Lundblad-Sandbakk og den rocka musikalsk-litterære førestillinga Heavykatten.

Her får ein noko anna i staden - ein slags teaser, eit tverrfagleg opplegg, der Kaldestad sneiar innom musikk, litteratur, bilder og heimkunnskap(!). Han har prøvd å laga noko som er eit supplement til førestillinga, utan å røpe for mykje.

Lærerveiledning

Last ned:
Følgjebrev til opplegget

Det er utarbeidd eit følgjebrev som seier litt om innhaldet i dei ulike episodane. Det er også knytt nokre spørsmål til kvar av dei som lærarane kan nytte i førebuinga og etterarbeidet. 

Lenker til videoane:

1.episode: https://www.youtube.com/watch?v=uV2KI6ho4sA&feature=youtu.be

2.episode: https://www.youtube.com/watch?v=2wLA8eMnYoo&feature=youtu.be

3.episode: https://www.youtube.com/watch?v=2wLA8eMnYoo&feature=youtu.be

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Vestland