Tilbake
Skriv ut

Scenekunst 2018/ 2019: Do Not Feed the Trolls

Do Not Feed the Trolls er ei teaterforestilling som tar for seg råskapen, skadefryden og den håplause idiotien hos moderne internettroll. Inspirert av sanne historier om trakassering på nett, nordiske troll, og med kompaniet sin heilt særeigne stil, lar the Krumple publikum oppleve noko som ellers skjer i det skjulte. Ved å balansere mellom det humoristiske og det ubehagelege konfronterer kompaniet publikum med spørsmålet: er eg sjølv ein del av dette fenomenet?

Do Not Feed the Trolls fortel historia om Lisa Holloway, ei alminneleg jente som vågar seg ut på internett. Isolert og lei oppdagar den 14 år gamle Lisa den digitale røyndomen av sosiale media. Ho vert raskt ein tilfeldig kjendis i denne verda, men samstundes blir ho gradvis terrorisert av ein hærskare av idiotiske, parykk-kledde troll. Trolla verkar fast bestemt på å øydelegge sjølvtilliten hennar, ryktet hennar og truar heile Lisa sin eksistens …

I teaterstykket, som er forkledd som ein enkel bokturné, tek the Krumple publikum med på ei marerittaktig reise inn i ei verd av internett-trolling for å gje publikum ei kjensle av både ubehag og skadefryd. The Krumple fokuserer på korleis kommunikasjonen mellom menneske drastisk endrar seg når ein har ei anonym maske å gøyme seg bak. For kven er eigentleg desse trolla, og kva er det som driv dei?

Forestillinga er støtta av: Scenekunst Østfold, Kulturrådet, Fond for Lyd og Bilde, FFUK, SEANSE og Juritzen Forlag.

Om utøvere og produsenter

Norsk scenekunstbruk
  • Arrangert av: Vestfold fylkeskommune

Om kunstner / utøver / gruppe