Tilbake
Skriv ut

Bach goes Hip Hop

Endeleg skal Werner få framføre musikk skriven av sin favorittkomponist, Johann Sebastian Bach. Musikken er komponert spesielt for Werner sitt elskede instrument, celloen!  I salen sit eit lydhørt publikum! Alt ligg til rette for ein flott klassisk konsert. Hadde det ikkje vore for David og Ole Petter... Dei har hovudet fylt av heilt andre ting!

Lærerveiledning

Forarbeid til konserten

Det er fint om de kan øve inn/friske opp refrenget på Knutsen & Ludvigsen sin melodi "Eg ve te Bergen".

På høgre side, under "Vedlegg" finn de teksten, og under "Lenker" kan de høyre Knutsen & Ludvigsen sin versjon.

Vi ber om at de blandar klassane. Anten ved å sende 1., 3., 5. og 7. klasse til ein konsert og 2., 4. og 6. til neste, eller at de delar opp i A- og B-klassar.

Om utøvere og produsenter

  • Arrangert av: Vestfold fylkeskommune
  • Produsent: Wenche Gausdal
  • Idé/opplegg: Utøvarane i samarbeid med produsent.

Om kunstner / utøver / gruppe

Werner Bryn (cello) jobbar som frilans musikar og dirigent i Bergensområdet, og han underviser i Kulturskulen. Han har Master i utøvande musikk frå Griegakademiet, i tillegg til allmennlærarutdanning frå Høgskolen i Bergen.

David Bryn, Werner sin lillebror, er profesjonell dansar med base i Bergen. Han har i fleire år heldt på med utøvande hip hop/breaking/akrobatisk dans, ofte med fokus på det humoristiske i formidlinga. David er mykje nytta som danseinstruktør.                           Saman med Ole Petter Knarvik starta David danseduoen Funky2 , og dei kom til semifinalen i Norske Talenter (2014). Ole Petter var med på å starte Absence Crew for 15 år sidan. Som dansar i Absence  har han vunne NM i breaking og vore finalist i Dansefeber og Norske Talenter.